torsdag 22. september 2011

Litterære program

Samanlikn dei litterære prgramma til Georg Brandes, slik han formulerer seg i forelesningane frå 1871 (læreboka s. 294), og Knut Hamsun, slik han formulerer seg i artikkelen om det ubevisste sjeleliv (læreboka s. 320).


Hamsun i 1895.




Presenter synspunkta deira. Ser du noko program for litteraturen i vår samtid? Kva slags program kunne du ønskje deg for litteraturen i vår tid?
Kva slags litteratur liker du å lese?

mandag 12. september 2011

Ekteskap og samliv


Ekteskapet er eit sentralt tema i fleire av tekstane vi har lese, og var også tema for Bjørnson i den såkalte "hanskedebatten" og for bohemane i Kristiania. August Strindberg tar opp temaet i Giftas I (1884), og i føreordet som vi las på skulen, gir han uttrykk for sitt syn både på ekteskapet og kvinnas frigjering. Der hevdar han mellom anna at det var mykje verre at ei kvinne er utru, enn at mannen er det (s. 309 l. 41-45), og at Nora er egoistisk som bryt at av ekteskapet med Helmer (s.310 l. 30-34). Kommenter desse påstandane.

Kva meiner du om ekteskapets stilling i dag, der stadig fleire lever i sambuarskap. Er eigentleg ekteskapet ein nødvendig institusjon i eit moderne samfunn og kvifor er den nødvendig/ ikkje nødvendig?