tirsdag 30. august 2011

Det dansknorske målstræv


I utdraget "Det dansknorske målstræv" frå Det norske målstræv frå 1867 gir Knud Knudsen greie for kvifor det er mulig å fornorske dansken, slik at Noreg kan få eit eige språk, og kva som er målet for begge dei to linjene i språkarbeidet i Noreg. Korleis ser han for seg at dei to linjene - landsmålslinja og fornorskingslinja kjem til å utvikle seg? Kva for ei av dei tre linjene i språkarbeidet på 1800-talet har du mest sympati for? Grunngi svaret ditt.

onsdag 24. august 2011

Ny kunnskap, ny filosofi og ny litteratur


I læreboka er det nemnde fleire namn som har vore med på å prege utviklinga inn i den moderne tidsalderen: Charles Darwin, August Comte, Karl Marx, John Stuart Mill, Søren Kierkegaard, Friedrich Nietzsche, Walt Whitman, Charles Baudelaire og Emily Dickinson. Vel ein av desse personane og presenter kort hovudtankane i det viktigaste verket deira.

Kva meiner du sjølv om desse tankane? Har desse tankane noko å seie oss i vår tid?

Baudelaire:https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjz3uCt-LCva8W0n7uwt9uUiOkLlDbBC0BNFgsF0swtam0IupA5s6Q8C11uSmU3GerDmOGbNvRU7RYaH6o-P2rL-C14ylLV2ey8yQ5T-5X1UdTQPtzwgqjoJ06No4OsC-TBR-Pl_SbrYJRT/s1600/baudelaire+pic.jpg

Reglar for norskbloggen

Dette er ein fagblogg som dokumenterer kva de har arbeidd med i norsktimane, og som dette halvåret tel på karakteren i norsk hovudmål skriftleg. Bloggen vil telje om lag 1/3 av hovudmålskarakteren, og de vil få to formelle tilbakemeldingar.
Dette vil eg leggje vekt på:
  • Språk: God rettskriving, god tekstbinding og ein stil som høver til sjangeren.
  • Innhald: Godt og relevant innhald som gir eit fyldig svar på oppgåva. (Skal likevel ikkje vere lange avhandlingar)
  • Lenkjer: Bruk av hyperkoplingar som viser kjeldebruk og som kan vere nyttige for vidare lesing om emnet.
  • Kjelder: Oppgi kjelder og bruk bilde og illustrasjonar rett.
  • Oppdatering: Alle oppgåvene skal gjerast og følgje framdrifta i faget.