fredag 3. desember 2010

Lyrikk 1900-1950

Første halvdel av 1900-talet var ei rik blømingstid for norsk lyrikk, med eit rikt tilfang av ulike typar poesi både når det gjaldt form, innhald og tematikk: Nokre skreiv sentrallyrikk i klassiske former, andre sentrallyrikk i frie vers, medan andre igjen skreiv modernistisk sentrallyrikk, og i tillegg hadde vi den politiske kampdiktinga. I kva kategori vil du plassere det diktet du arbeidde med, og kva synest du om diktet? Korleis liker du å lese lyrikk? Har du nokon gong skrive dikt sjølv?

torsdag 11. november 2010

Nyrealismen

Du har no lese tekstar frå første halvdel av det 20. hundreåret. Dette er tekstar som ofte blir karakteriserte som nyrealistiske. Kva vil du seie er dei viktigaste kjenneteikna på denne diktinga?Korleis kjem dette til uttrykk i dei tekstane du har lese? Korleis likte du desse tekstane, og kva var det du likte eller mislikte med dei?

torsdag 4. november 2010

Skjønnlitterært program

Denne veka har du arbeidd med å setje saman eit eit avgrensa skjønnlitterært program. Kva forhold har du til skjønnlitteratur? Kva har du arbeidd med, og kvifor har du valt dette emnet? Kva ønskjer du publikum skal oppleve etter at dei har sett framføringa di?

torsdag 21. oktober 2010

Retorikk

Retorikk er, kort sagt, læra om korleis du skal overtyde andre om at du har rett, og retorikk var eit sentralt element i undervisninga på dykkar nivå fram til midten av 1800-talet. I dei siste åra har retorikken fått ein renessanse og med Kunnskapsløftet har retorikk på nytt kome inn på læreplanen. Grunnen til den nye interessa for retorikk meiner mange kjem av meir marknadstenking på fleire nivå, med auka påverknadspress og nye media som gir høve til nye og fleire måtar å spreie meiningar på. Kva meiner du er det viktigaste retorikkundervisninga kan gi oss innsikt i, og kva plass meiner du retorikken bør ha i vidaregåande skule?

mandag 27. september 2010

1890-talet - ein ny modernistisk litteratur

I foredraget "Fra det ubevisste sjeleliv" (sjå læreboka s. 320-322) lanserer Knut Hamsun sitt litterære program. Der seier han mellom anna at litteraturen bør "beskjeftige seg litt mer med sjelelige tilstander enn med forlovelser og baller" (s. 320 l. 31-32), og sjølv om ein då ville miste ein del lesarar, ville ein få "flere individuelle tilfeller" og desse svarer meir til "det sinnsliv som moderne mennesker i nåtiden lever" (s. 320 l. 35-39).

Kva meiner du om dette litterære programmet; bør litteraturen i første rekke vere samfunnskritisk, eller bør den vere mest oppteken av einskildmenneskets sjelstilstand? Kva litteratur liker du å lese?

fredag 17. september 2010

Ekteskap

Ekteskapet er eit sentralt tema i fleire av tekstane vi har lese, og var også tema for Bjørnson i den såkalte "hanskedebatten" og for bohemane i Kristiania. August Strindberg tar opp temaet i Giftas I (1884), og i føreordet som vi las på skulen, gir han uttrykk for sitt syn både på ekteskapet og kvinnas frigjering. Der hevdar han mellom anna at det var mykje verre at ei kvinne er utru, enn at mannen er det (s. 309 l. 41-45), og at Nora er egoistisk som bryt at av ekteskapet med Helmer (s.310 l. 30-34). Kommenter desse påstandane.

Kva meiner du om ekteskapets stilling i dag, der stadig fleire lever i sambuarskap. Er eigentleg ekteskapet ein nødvendig institusjon i eit moderne samfunn og kvifor er den nødvendig/ ikkje nødvendig?

torsdag 16. september 2010

Litt om bloggen

Dei fleste er no godt i gang med blogginga, så difor er det på tide å presisere nokre punkt når det gjeld bloggen:
Dette er ein fagblogg som dokumenterer kva de har arbeidd med i norsktimane, og som dette halvåret tel på karakteren i norsk hovudmål skriftleg. Bloggen vil telje om lag 1/3 av hovudmålskarakteren, og de vil få to formelle tilbakemeldingar.
Dette vil eg leggje vekt på:
  • Språk: God rettskriving, god tekstbinding og ein stil som høver til sjangeren.
  • Innhald: Godt og relevant innhald som gir eit fyldig svar på oppgåva. (Skal likevel ikkje vere lange avhandlingar)
  • Lenkjer: Bruk av hyperkoplingar som viser kjeldebruk og som kan vere nyttige for vidare lesing om emnet.
  • Kjelder: Oppgi kjelder og bruk bilde og illustrasjonar rett.
  • Oppdatering: Alle oppgåvene skal gjerast og følgje framdrifta i faget.

søndag 12. september 2010

Ibsens Vildanden

I Henrik Ibsens skodespel Vildanden frå 1884 kjem dr. Relling med påstanden, at om ein tar livsløgna frå eit gjennomsnittsmenneske, så tar ein samstundes også lykka frå personen. Kva meiner du om denne utsegna. Lever dei fleste på ei livsløgn? Kva synest du om stykket? Kva synest du om oppsetjinga?

mandag 6. september 2010

Det høgre skulevesen

I essayet "Det høgre skulevesen" frå Dølen gir Aa. O. Vinje uttrykk for sitt syn på lærdom og kunnskap. Skriv på bloggen din: Kva slags syn på lærdom og kunnskap gir han uttrykk for, og korleis argumenterer han for synet sitt? Skriv til slutt ein kommentar der du kort drøftar det som står i første avsnitt av essayet.

søndag 5. september 2010

Forfattarportrett

Camilla Collet (1813-1895) skrev den første norske tendensromanen Amtamandens døtre (1854-1855) og var således den første som skildret det borgerlige familielivet relistisk. Dette var lenge før Brandes med sine Hovedstrømninger (1872) formulerte sine krav om at Diktingen burde sette problemer under debatt.
Bjørnstjerne Bjørnson (1832-1910) var på slutten av 1800-tallet en ruvende skikkelse i norsk samfunnsliv. I forbindelse med den årlige Bjørnsonsfestivalen har det sist uke vakt betydelig oppsikt at Bernt Hagtvedt har trukket seg fra festivalen. Han har meldt avbud på grunn av at Jan Myrdal er invitert til å holde fordrag. Elles feirar vi i år BB sidan det er hundre år sidan han døydde.

onsdag 1. september 2010

Moderne litteratur

Det moderne samfunnet frå midten av 1800-talet førte til ein ny, moderne litteratur der forfattarane engasjerte seg i utviklinga på ymse vis. Tre ikkje-nordiske forfattarar står fram som tydelege representantar for det nye:
Walt Whitman (1819-1892), Charles Baudelaire (1821-1867) og Emily Dickinson (1830-1886).

Etter at du har lese dikt av desse forfattarane, skal du anten skrive eit dikt på bloggen din med overskrifta "Eg/Jeg hører Europa synge", eller eit dikt som byrjar slik "Ja, eg er nokon. Og du sjølv?" eller "Eg er Nokon! Kven er du?"